Dette er et studentinnlegg fra kurset NORD 2112 «Folk og eventyr» våren 2021, et fordypningskurs i nordisk litteratur. Innleggsforfatter er Ingunn Grimsbo Holøymoen.
Sjølv om me i skrivande stund er nærare juli enn jul, skal me no ta eit ørlite dykk ned i skillingsvisa «En historisk sang om Kong Rings Julegilde». Dette er historia om da Kong Ring fekk besøk av ein framand, som viste seg å vera ein dei kjende frå før, på godt og vondt.
Ei sagavise. Visa fortell at gamle Kong Ring sitt med den unge, vakre kona si ved si side, og gledar seg over julegildet. Då kjem det ein uventa gjest. Ein gammal gubbe, ser det ut til. Mennene til Kong Ring gjer narr av han. Dette gjer han sint, og det vert slåssing slik at Kong Ring må be om ro i hallen. Då viser gubben at han er helten Fridtjov den frøkne, og Kong Ring vil gjerne gjere stas på han. Han sender dronninga, Ingeborg, ned til han med eit horn med vin. Ho skjelv så mykje på hånda at ho søler på serken sin. Dei drikk og skålar, og så går Kong Ring og legg seg med dronninga si.
Men vent, dette er vel ikkje ei heil fortelling? Nei, det er det ikkje, og vi skal sjå korleis det heile heng saman. Men først skal vi sjå på historia om denne skillingsvisa.
På tittelsida til denne versjonen av skillingsvisa er det ikkje mykje informasjon, men på NTNU Gunnerusbiblioteket ei utgåve som vart trykt i Johan L. Sundts Bogtrykkeri, Trondhjem. Det er ikkje kjend kva år skillingsvisa vart skrive, utover at det var på 1800-talet og at den første gang vart gjeven ut i 1826.
Der mange skillingsviser eller gateviser hadde til hensikt å spreia nyheiter, har «En historisk sang om Kong Rings Julegilde» ein anna funksjon. Av tittelen kan me tolke visa som ein historisk forteljing eller ei forteljing om noko som hende i gamle dagar. Truleg har den, som andre skillingsviser omtalt på bloggen, vore populær rett og slett grunna den gode historia ho fortel. Om noko av det er sant, er uvisst. Kven som er forfattaren av skillingsvisa er òg uvisst, men ser me på forholdet visa har til andre verk, finn me dei same personane i diktet «Kong Ring, Fridtjof og Ingeborg», også kalla «Frithjof kommer til Kong Ring». Dette diktet er skrive av den svenske diktaren Esaias Tegnér (1782-1846), frå ein diktsyklus utgjeven i 1825. Dette diktet er basert på «Sagaen om Fridtjov den frøkne», ein islandsk fornaldarsaga frå 1300-talet. I 1827 kom diktsyklusen ut på norsk og den ble gjedd ut i fleire opplag, også som skillingstrykk, der «Frithjof kommer til Kong Ring» fekk størst utbreiing. Skillingsvisa «En historisk sang om Kong Rings Julegilde» er altså ein versjon av dette diktet. På bildet under kan du sjå to ulike tittelsider av Esaias Tegnérs diktsyklus Frithiofs saga frå høvesvis 1825 og 1876.
Hos Nasjonalbiblioteket ligg det òg arkivert ein anna versjon av skillingsvisa. Denne versjonen heiter «Frithjof kommer til Kong Ring» og er merka no. 197 med handskrift.
Denne versjonen fylgjer den same historia over like mange vers, og inneheld berre små ulikheiter. Slike små variasjonar er veldig typisk for skillingstrykk. Dette ser me til dømes i strofe 11, der mannen beskrivast som følgjar, i høvesvis den fyrstnemnde og sistnemnde versjonen:
Da prægtig stod han for dem, I Silkemantel blaa;
Paa haandbredt Sølverbælte, De vilde Dyr man saa.
I kunstrigt Arbeid drevet, Iblandt med Guld indlagt,
De holdt om Heltens Midje En saare lystig Jagt.
Da prægtig stod han for dem i Fløiels Kappe blaa,
Bredt var hans Sølverbelte, med Skogens Dyr derpaa.
I drevet Arbeid’ havde den Kunstner anbragt dem,
Og rundt om Heltens Midje, de jo hverandre frem.
I fyrste versjon har til dømes mannen på seg silke og beltet var i både sølv og gull, i den andre bar han fløyel og gull blir ikkje nevnt. Og vidare i strofe 20, der dronninga av rein nervøsitet søler vin på Fridtjof med høvesvis skjelvande og sitrande hand:
Med bly nedslagne Øine Hun rakte Hornet hen;
Men Haanden skjælved saare, Og Vin blev spildt paa den.
Som Aftenrødens Purpur Saa Liljerne iblandt,
Den dunkle Saft at brænde Paa hvide Haand man fandt.
Med bly nedslaget Øie ham rakte Hornet saa,
Men sitrende var Haanden, og Vin blev spildt derpaa,
Som Aftenrødens Purpur Saa Liljens rene Lin,
De dunkle Draaber brændte paa Haanden hvid og fin.
Heile historia. Skillingsvisa er berre ein liten del av fortellinga. For å forstå heile historia til skillingsvisa «En historisk sang om Kong Rings Julegilde» og kven personane var, må me sjå litt meir på den nemnde sagaen. Kven var eigentleg Kong Ring og dei andre i visa?
I følgje «Fridtjovs saga», var Fridtjov og Ingebjørg fostersøsken, fostra opp av storbonden Hilding. Ingebjørg har fått namnet Ingeborg i skillingsvisa. Kanskje det var lettare å finne noko som rima på det? Fridtjof ønska å gifte seg med Ingebjørg, som de kan sjå avbilda under. Da far hennar, kong Bele døyde, vart det konflikt mellom hans soner, Halvdan og Helge, og Fridtjof. Dette fekk Kong Ring høyre om, han var konge i Ringeriksbygdene og så sitt snitt til å leggja Sogn under sitt styre. Før dei rakk å koma i kamp, vart kong Ring og Beles soner einige om at kong Ring skulle få gifte seg med Ingebjørg. I sagaen vart Ingebjørg ført inn i Baldershagen for å beskytta ho mot Fridtjof og kjenslene mellom dei, for der kunne ingen mann gå inn. Men Fridtjof var frimodig og gjekk likevel inn, som ein «fredstjuv», som òg namnet hans tydar.
Halvdan og Helge vart ikkje fornøgde med denne oppførselen og lurte difor Fridtjof ut på vikingferd med oppdrag om å krevje skatt på Orknøyene. Brørne brenn så ned garden hans, dei trudde jo dei var kvitt han. Den nedbrende garden blir og nemnd i skillingsvisa, der den framande, som eigentleg er Fridtjof i linje seks svarar kongen: «I Anger er jeg opfødt, Min Arvegaard er Brist». Etter ei tid, der Fridtjof har overvunne troll og vetter på sitt oppdrag, kjem han attende og sett da fyr på kongsgarden til Beles soner som hemn. Fridtjof vart dømd fredlaus, men rømmer og kjem nokon år seinare til Kong Rings kongsgard, no forkledd. På fingeren har han trulovingsringen som han for fleire år sida hadde gitt til Ingebjørg.
Korleis gjekk det med Ingeborg og Fridtjov? Skillingsvisa startar når Fridtjof kjem på besøk til kong Ring, etter at kong Ring og Ingeborg har stifta familie. Skillingsvisa viser den lukkelege delen av sagaen, der Fridtjof igjen får nærme seg sin store kjærleik. Her får me òg sjå kor velståande Fridtjof har blitt på sine vikingtokt, til dømes i strofe 11 (over) og 12 der han blir beskriven:
Og Ringenes gyldne Smykke, Fra Armen skinned rigt;
Ved Siden hang et Slagsværd, Et stivnet Lysglimt ligt.
Og Helteblikket rolig Fløi over Sal og Bord;
Skjøn stod han der som Baldur Og høi som Asathor.
Som i sagaen, blir Fridtjof teken vel imot i skillingsvisa. Han ville ikkje seie namnet sitt, men var altså Fridtjov, eller Fridtjof som me kan sjå i vers 15 i skillingsvisa. Kong Ring og Ingeborg kjennar igjen Fridtjof. Det kjem ikkje fram i skillingsvisa eksakt kva som skjer med Kong Ring og dei andre til slutt. Skillingsvisa tek berre for seg det eine besøket, men det blir song og glede og kongen ynskjer Fridtjof velkomen som gjest og håpar han blir over vinteren. Visa endar med at kongen fortsett delar seng med Ingeborg.
Skal me så tru sagaen, døyr kong Ring av alderdom og Ingeborg og Fridtjof giftar seg. Faktisk hadde kong Ring lova at Fridtjof skulle få Ingebjørg til fru etter hans død. Fridtjof blei jarl på Ringerike og han rådde der til kong Rings barn kunne ta over. Til slutt utfordrar Fridtjof Bele-sonene, han vinn og blir konge over Sogn og seinare Hordaland.
Form, rim og melodi. Skillingsvisa «En historisk sang om Kong Rings Julegilde» går over 24 vers. Ved første augekast kan det sjå ut som visa ikkje går på rim, men dersom me endrar litt på strukturen, ser me kor mykje rim det faktisk er å finna. Dette var ein vanleg typografisk konvensjon i skillingsviser, meint for å spare plass. Det viser at folk var vane med å tolke slike viser og gjere dei anvendelege som song. Til dømes blir fyrste og andre strofe slik:
Kong Ring satt glad i høyvendt i Julen og drak Mjød;
Og foran ha, sad hans Dronning saa glad og rosenrød.
At skue Vaar ved Siden Af høsten troed man;
Hun var det friske Foraar, Den kjølne høst var han.
Da traadte udi Salen en ukjendt Gubbe ind,
fra Hoved indtil Fødder Han indsvøbt var i Skind.
Han bar en Stav i Haanden, Og gik helt krum ved den,
Dog høiere end denne, Da syntes Gubben end.
Andre kjelder gjev derimot meir informasjon om bruk av melodien «Kong Ring». Mange andre viser har denne som melodi. Kanskje har den blitt så mykje brukt fordi den kling godt? Ivar Aasen nytta til dømes melodien til «Alt det som no skal duga, det lyter vera stort» i «Tre Fædrelandssange». Andre som har nytta melodien er Carl Michelsen i ei vise kalt «Samtale mellem Normanden og Jøden ved Grændseskjellet mellem Norge og Sverige, altså ei politisk vise – og forbrytarane Gjest Baardsen og Niels Christophersen Lund brukte den til songar om liva sine og om kjærleiken.
Vil du synge om Kong Rings Julegilde? Sjå Alf Prøysen «De gamle visene: Skillingsviser» – 4. samling frå 1975, til dømes side 82 her: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013092308057
Kvifor skal vi synge om Kong Ring i dag? Statuen av vikingen Fridtjof på Vangsnes som de ser under, er satt opp på bestilling av den tyske keisaren Vilhelm II, og viser at denne historia har vore godt kjent. I Balestrand står det òg ein statue av Kong Bele, Ingeborgs far. Videre har historia blitt fortald gjennom «Fridtjovspelet Fiend og elskar» på Vangsnes, fyrste gong i 2008, der historia omtalast som «eit av dei mest vidkjende kjærleiksdrama i norsk bokheim» (Rolf Losnegård).
Tegnérs diktsyklus nådde ut til fleire land og har gjort historia kjend i store delar av Europa. I 1858 vart òg sagaen, som den første sagateksten, omsett til nynorsk av Ivar Aasen. Siste reviderte utgåve vart gjedd ut i 1976, og så seint som i 2011 vart sagaen utgjedd i ny oversetning av Edvard Eikill.
Visa kan utan tvil seiest å vera aktuell også i 2021. Ja, konfliktfylte kjærleikshistorier er vel aktuelle til einkvan tid? Dette er ei klassisk kjærleikshistorie, der ungdommens ynskjer og attrå ikkje alltid fell i god jord hos foreldra. Sagaen skal ha det til at Ingeborg og Fridtjof gjekk og lengta etter kvarandre på kvar si side av Sognefjorden. Slik ulykkeleg kjærleik og lengsel etter nokon ein ikkje kan få, kan mange relatere seg til ein eller annan gong i livet.
Ingeborg vart derimot tvangsgifta med Kong Ring. Og det var altså hit Fridtjof kom på besøk. Ganske overraskande vart Fridtjof og kong Ring vener. Fridtjof fekk til og med lov til å «overta» Ingebjørg etter kong Rings død. Slik fekk historia ein lykkeleg slutt. Kanskje vart skillingsvisa brukt til å gi håp for dei som lengta etter nokon? For det kan jo gå bra til slutt. Kanskje var denne opne slutten med på å gjere visa populær? At kvar og ein kunne vere med å lage sin eigen slutt?
Les meir her:
- Fosse, Jon (2014) Fridtjov & Ingebjørg ISBN 9788279592150
- Fylkesleksikon (2007) Segne om Fridtjof NRK Sogn og Fjordane https://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1890750.html
- Fylkesleksikon (2004) Esaias Tegnér og Fridtjofs Saga NRK Sogn og Fjordane https://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/2213244.html
- Jónsson, Finnur (1892/1923). Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie; bind 2. G. E. C. Gads Forlag, København
- Om Fridtjovspelet Fiend og elskar http://www.fridtjov.no/pages/historie/historie.html
- Soga om Fridtjov den frøkne. Omsatt av Ivar Aasen ; revidert av Olav Hr. Rue ; innleiing av Bjarne Fidjestøl. Samlaget, 1976. (Norrøne bokverk; 45) ISBN 82-521-0612-9.
- Sagaen om Fridtjov den frøkne. Oversat af Alexander Bugge. Aschehoug, 1901
- Sæbø, Arne Inge (2013) Fridtjov den frøkne : historia om statuen og soga Vik lokalhistoriske arkiv ISBN: 9788292245132